FORENINGSPORTAL Aktivitet i Sande

Cormorant

Kultur 

Cormorant er ei vokalgruppe med ni songglade karar frå Sande, Herøy, Ulstein og Hareid. Gruppa vart stifta hausten 2023, og sidan den gong har vi fått stadig fleire høve til å dele songgleda vår med publikum rundt om på Sunnmøre. Repertoaret vårt spenner vidt – frå klassisk barbershop og fengande shantys til stemningsfulle og spirituelle songar med både djupn og mektige klangar.

FAU Hauemarkja Barnehage

Formidlig, FAU 

FAU Hauemarkja barnehage er foreldra sitt samarbeidsorgan og arbeider for eit trygt, inkluderande og godt barnehagemiljø for alle borna. Gjennom samarbeid med barnehagen, foreldre og lokalmiljøet bidreg vi til trivsel, fellesskap og gode opplevingar for borna. Vi arrangerer aktivitetar, dugnader og innsamlingar som kjem borna i Hauemarkja barnehage til gode.

Gamlebanken Scene

Kultur 

Gamlebanken Scene er ein interesseorganisasjon for deltaking på kulturelle arrangement i Sande kommune som ein teknisk støttespelar innanfor lyd, lys, video, bilde, osb.

Gursken Brass

Kultur 

Gursken Brass er eit brassband for medlemer frå konfirmasjonsalder til og med pensjonsalder. Faste øvingar kvar torsdag kveld 1930 - 2000. Ta kontakt om du ønskjer å vite meir. Messinginstrument + rikt utval med perkusjon. Kjekke gjeng:-)

Haugsbygda Kvinne- og Familielag

Bygdelag/velforening og ungdomslag 

Haugsbygda kvinne- og familielag, også kalla Husmorlaget vart stifta i 1973, tilslutta Husmorforbundet - no Norges Kvinne- og Familielag. Talet på medlemmar har svinga , laget har jobba for bygda, engasjert i det meste som skjer i fjorden. Har arrangert juletrefestar, skulelunsj og tilstellingar av ymse slag. Laget arranger strikkekafè på Vonheim ein gong i månaden. Støttar også internasjonale prosjekt under Norges K & F.

Kyrkjeforeninga Gursken

- Uten kategori - 

Foreining som har eksistert i 50 år. Vi arbeider med oppgraderingar og vedlikehald i og ute ved kyrkja. Alt er på dugnad og vi er i dag 18 aktive damer i foreininga. Vi har møte i kyrkjekjellaren siste tirsdagen i mnd kl.19.

Larsnes Helselag

Helse og humanitær 

Larsnes helselag er eit lokallag i Nasjonalforeningen for folkehelsen. I tråd med Nasjonalforeningen sitt formål er vi lokalt opptekne av å skape gode møteplassar, tilbod om fysisk aktivitet og bidra inn mot barn og unge. Gjennom dette ynskjer vi å skape trivsel og fellesskap gjennom samvær ut frå mottoet: God folkehelse skaper vi saman!

Larsnes Idrottslag

Idrett 

LIL driv med aktivitet for store og små. Vi har fotball, turn, allidrett, e-sport og ungdomsklubb samt ei aktiv trimgruppe og anleggsgruppe. LIL er også medansvarleg for dei store arrangementa på Larsnes som Sandemesse og Sumarsamkome.

Nakuhel Sunnmøre

Kultur, kunst og historie 

NaKuHel Sunnmøre er ein del av det nasjonale NaKuHel-nettverket. Forkortinga står for Natur, Kultur og Helse. Våre mål er å bidra til heilskapstenking i frivillig sektor og folkehelsearbeid, tilby aktivitetar som femnar alle aldersgrupper, og vere levande møtestadar for gode opplevingar. NaKuHel Sunnmøre held til i Brekkegarden i Gjerdsvika.

Tareholmen 4H

Friluftsliv og natur 

Tareholmen 4H er ein lokal klubb av 4H Norge. Klubben er drevet av medlemmane i samarbeid med vaksne rådgjevarar og har sin base på Kvamsøy.

Ytre Gurskøen Ten Sing

Kultur 

Ungdoms-kor/-band og sosialt fellesskap. Øving/samling i Larsnes kyrkje omlag anna kvar fredag. Ope for alle ungdomar i alderen 13-19 år. Vi nyttar spond til kommunikasjon og å dele informasjon: https://spond.com/invite/ZFIZP

Øyklang

Kultur 

Øyklang ble startet 10 Januar 1996 av noen ild skjeler som ønsket et yngre kor på Kvamsøya. Koret består av 20 sangere inkl. dirigent, og de fleste av medlemmene vært med fra starten. Det kom inn 5-6 korister etter noen år i drift og de har vært med i godt over 20 år. Vi fikk inn to nye medlemmer i 2026. Dirigenten Bjørn Støylen har vært med fra første dag. Han har et lys øre som gjør at koret gjør det så bra som vi gjør. Øyklang har vært med i Kor Gran Prix i Ålesund der vi stakk av med seieren bland 11 andre kor.

Kontakt

Sosiale media

2026 © Foreningsportal